Workshop for lokale aktørar til Kristina frå Duvemåla 24.-25. oktober i Bømlo
kulturhus.
Bømlo Teater søkjer etter det lokale ensemblet til
Kristina frå Duvemåla i Moster Amfi sommaren 2021.
Me ynskje eit stort ensemble med eit stor aldersspenn, og ser etter folk som likar å stå på scena og syngja.
Regissør og musikalsk ansvarleg vil laga eit opplegg og leie workshopen saman med Øystein Lund Olafsen, som er koransvarleg i produksjonen. Dei påmeldte vil få tilsendt materiale som skal førebuast.
Påmelding: Skriv litt om deg sjølv, kva du tidligare har gjort på scena og med eit bilde(send i word/pdf format). Merk mailen med «Workshop Kristina 2021» Ha med kontaktopplysningar (telefon og epostadresse). Det vil bli moglegheiter for mange i ulike typer roller og rolle størrelsar, både biroller og ensemble/kor. Så skriv gjerne når du melder deg på kva du sjølv kan tenke deg.
Påmeldingsfrist er 10.10.2020
Det vert lagt opp til øvingar for det lokale ensemblet utover vinteren og våren 2021 for innstudering av kormaterialet. Både for å vera godt forberedt til øvingane begynner i amfiet, og for å skapa eit godt samhald i gruppa fram i mot sommaren. Heile perioden er frå 25. juni og fram mot premiere 4.august. Me vil prøve å legge opp til ein noko kortare øvingsperiode for deler av ensemblet i sommar.