Vandreteater på Vetahaugen

Denne spesielle sommaren satsar teateret og Moster Amfi på vandreteater rundt Vetahaugen. Bli med gardsfolket frå Teigland på ei tidsreise tilbake til vikingtida. Publikum får ei teatervandring på Vetahaugen kor sagn og myter blir fortalt fleire stader på vegen. Store og små skodespelarar frå Bømlo Teater gir liv til historiene og tek oss med til sitt Moster for 1000 år sidan. Dette er ei familieframsyning og runden tek om lag ein time. Me tek omsyn til smittevern, og har difor avgrensa plasser. Så løp og kjøp! Oppmøte er utafor hovudinngongen til Moster Amfi. Bømlo Teater og Moster Amfi ynskjer store og små hjarteleg velkomne!
  • Framsyningar: 27. og 28.6
  • 4. og 5.7
  • 6. og 7. 7.
  • Billettar på bomlo.net
Kun 30 billettar per framsyning