Bømlo Teater har gleda av å presentere ein ny hovudrolleinnehavar til noregspremieren av Kristina frå Duvemåla: Anders Gjønnes som Robert!
Anders Gjønnes frå Larvik skal gjera rolla Robert i Kristina frå Duvemåla, og me er veldig glade for å ha han med oss i denne produksjonen. Han har besøkt oss ein gong tidligare, då i vår noregspremiere av Miss Saigon i 2009 i rolla om John. Anders er utdanna ved både Griegakademiet, Bårdar Akademiet og Teaterhögskolan i Gøteborg. Han er ein allsidig songar og skodespelar som har jobba ved ei rekkje teater i både Noreg og Sverige, og deltatt i produksjonar som mellom anna Les Miserablés, Jesus Christ Superstar og West Side Story.
- Eg gler med til å endeleg få gjera denne rolla og denne musikalen, og trur det kjem til å bli ein unik versjon i Moster Amfi. Vil du sjå musikalmagi på vestlandet, så sjåast me på Bømlo til sommaren, seier Gjønnes.
Rolla Robert er bror til Karl Oskar som skal gjerast av André Søfteland. Me får dermed eit særs godt og erfarent brødrepar som vil formidle deira historie med truverd og kraft. Me ynskjer Anders velkommen tilbake til oss!
Framsyningar 4.- 14. august i Moster Amfi
Billettar på www.ticketmaster.no/artist/kristina-fra-duvemala-billetter/952164?language=no-no ... Sjå meirSjå mindre
Bømlo Teater er stolte av å presentere André Søfteland som vår Karl Oskar.
André er ein godt kjent og etablert skodespelar i Noreg og her på vestlandet, og er ein av landets sterkaste songarar. Derfor er det utruleg kjekt for oss å ha han med hos oss i rolla som Karl Oskar, Kristina sin mann. Saman med Kristina skal han leda oss gjennom den fantastiske historia i Kristina frå Duvemåla.
- Eg ser fram til å komma heim at til Bømlo. Det var her det starta for meg med Les Miserablés i 2004, og det var da eg bestemte med for at det er dette eg skal gjera.
André er utdanna ved Bårdar Akademiet og Guildford School of Acting , og har dei siste åra hatt hovudroller som mellom anna Jean Valjan i Les Miserablés og Anatolij i Chess på Folketeateret, Sivert i Hellemyrsfolketog Tevje i Spelemann på taket ved den Nationale Scene. Tre gongar tidligare har André vitja Bømlo Teater, seinast i 2018 som Che i Evita, og me ser fram til ein ny sommar saman med han i Moster Amfi.
Billettar på:https://www.ticketmaster.no/artist/kristina-fra-duvemala-billetter/952164?language=no-no
Framsyningar 4.-14. august 2021 ... Sjå meirSjå mindre