Tindbergs nye Mostraspel “I slik ei natt” i 2016

Svein_Tindberg127. mai i 2016 blir det urpremiere i Moster Amfi på det nye Mostraspelet, I slik ei natt, av Svein Tindberg. Manuset fokuserer på Kristenretten og Olav Haraldsson, og ikkje nødvendigvis «henge saman med» Hegglands manus som i 2013 hadde 30-årsjubileum. Ivar Tindberg skal ha regien, og sidan Svein og Ivars far Snorre Tindberg var den som teikna Amfiet, har tre blad Tindberg verkeleg bidrege til at den nasjonale mostrahistoria når sitt publikum. Svein Tindberg vil sjølv spela ein av hovudrollane.

Bømlo Teater vil på denne måten kvalifisere seg til ei markering av eit 1000-årsjubileum for Kristenretten på Moster i 2024, og tek vare på arven frå Bømloteateret om å halde historia vår i hevd. Sjølv om me no får eit nytt manus, betyr ikkje det at Hegglands manus ikkje skal bli sett opp lenger, så etter 2016 er Bømlo teater i den heldige situasjon at me kan alternere på dei to manusa. Det trur me vil styrke merksemda om og posisjonen til Mostraspelet i overskodeleg framtid.

Famsyningar:

Fredag   27.5 kl 18.00

Laurdag 28.5 kl 18.00

Sundag  29.5 kl 18.00

Billettsalet er i gang på billettservice.no

For grupper over 10, kontakt Grieghallen sitt billettkontor:
Tlf: 55 21 61 50