«Tidleg ute tilbod» til Mostraspelet – I slik ei natt 2020!

 

Årets julegåve!

Frå 14.november til 31. desember er det «tidleg ute tilbod» på billettar til Mostraspelet - I slik ei natt! Pris er kun kr 250,- for billettar på Felt B i Moster Amfi.(ordinær pris kr 460,- inkl avgift).

Billettar kjøpast på bomlo.net.

Start sommarferien på Bømlo og opplev det vakre Moster Amfi desse sommardagane i juni.

I slik ei natt er skrive av Svein Tindberg.

Framsyningar er kl 19.00 den 18. og 19. juni og kl 15.00 den 20.juni 2020.

Bømlo Teater og Moster Amfi ser fram i mot ein ny forsommar med Mostraspel i det vakre amfiet!