Skodespelarar klare for “I slik ei natt”

profil RKSAMe er glade for å presentere nokre av skodespelarane som blir å sjå i det nye Mostraspelet I slik ei natt  i Moster Amfi 27.5-29.5. Omlag 80 skodespelarar vil stå på scena i historia om Olav Haraldsson. Blant dei finner med Rolf Kristian Larsen, Svein Tindberg og Anderz Eide. Rolf Kristian Larsen vil spele rolla som Olav Haraldsson. Larsen er frå Stavanger og har blant anna jobba ved Nationaltheatret. Han er kjent frå filmar som Mannen som elsket Yngve, Jeg reiser alene, Kompani Orheim, Fritt vilt, Max Manus og frå tv-serien Kampen om tungtvannet. Svein Tindberg spelar rolla som Tore Hund, mannen som drap Olav Haraldsson på Stiklestad. Han er ein av Noregs fremste skodespelarar og har i ei årrekkje jobba ved Det Norske Teateret. Han har i fleire år spelt og turnert med framsyningane Evangeliet etter Markus, Apostlenes gjerningar og Abrahams barn. Tindberg har tidligare spelt og hatt regi på Kristkongane på Moster. Anderz Eide frå Hålandsdal vil gjera rolla som Sigurd. Eide har jobba ved ei rekkje teater i Noreg som Den Nationale scene, Oslo Nye Teater og Det Norske Teatret. Han er også kjent frå tv-seriar som Frikjent, Kampen for tilværelsen, Øyevitne og Det tredje øyet. Randolf Walderhaug har jobba som skodespelar sidan 1984 og har vore fast tilsett ved Den Nationale Scene og Teatret Vårt i Molde, og spelt på dei fleste av teatera i landet. Han er no frilansar basert i Oslo og er aktuell med filmane Kongens nei og Kings Bay. I haust skal han ha regi på Namnet av Jon Fosse på Hordaland Teater. Randolf har tidligare spelt både Olav Tryggvason og Olav Haraldsson i Kristkongane på Moster. I tillegg til disse finn me mellom anna Nina Sele, Geir Ersland, Brynjar Stautland, Vilde Stokke, Erik Larsen, Ingunn Onarheim Rolfsnes, Nina Meldahl Olsen og Marianne Grønnevik i leiande roller. I slik ei natt er skrive av Svein Tindberg, musikken blir komponert av Kjetil Bjerkestrand. Regissør er Ivar Tindberg og Gjermund Andresen er scenograf og kostymedesigner.   Billettar kjøpast på bomlo.net og  billettservice.no