Orkesteret er på plass

IMG_9761 Me er stolte av å presentere vårt orkester for Evita på heile 18 musikarar! Sjeldan ein opplever dette på musikalar i Noreg. Orkesteret er leia av Trond Husebø og består av: Svein Ragnar Myklebust, Knut Aabø, Halvor Lillesund, Joakim Vikanes, Per Elias Drabløs, Kurt Lisø, Trond Dale, Bjørnar Habbestad, Elisabeth Wulfsberg, Svein Henrik Giske, Nick Walkley, Elske Groen, Simen Rudi Solbakken, Sondre Fjose Sandberg, Marin Stallemo Bakke, Gunvald Ottesen, Einar Halle og Øystein Torp. Saman med dei 55 aktørane på scena kjem dei til å skape magiske opplevingar 8.-18. august i Moster Amfi. Billettar på: ticketmaster.no. Kan og kjøpast i billettluka i Moster Amfi frå kl 18.00 alle framsyningsdagar.

Ei veke til premiere!

bh0A0A5624-kopiNo er det ei veke til premiere på stormusikalen Evita i Moster Amfi, og i dag er det prøvestart for vårt orkester på 18 musikarar! Over 6000 billettar er solgt. Minnar om at det er plassbillettar i år, så no bør ein sikra seg ønska plass og dag. Premiere 8. august og framsyningar fram til 18. august. Billettar: Ticketmaster.no Eller ring: 22 82 81 97 eller 22 82 81 49 for grupper og rullestolbrukere. Kan og kjøpast i billettluka i Moster Amfi frå kl 18.00 alle framsyningsdagar. Bømlo Teater ynskjer publikum velkommen til ei magisk sommarnatt i Moster Amfi.

Bømlo Teater si historie blir bok

Kristine Sele og Finn Bakke skriv bok om teateret si rike historie. Boka er planlagt utkomst før jul. Styret har eit ynskje om å få fram den over 40 år lange teaterhistoria med fokus på bakgrunn og idear om at vesle Bømlo skulle visa igjen på teaterkartet i regionen, men óg nasjonalt Les omtale om prosjektet i Bømlo Nytt  og sjå innsalg frå TV Haugaland.

Ei ny veke med Evita!

Det arbeidast i alle ledd på Moster. fullsizeoutput_34d1 Fleire framsyningar begynner å fylle seg opp, så det er berre å sikre seg plassar til årets musikalhending på Moster. Billettar på: Ticketmaster.no eller ring: 22 82 81 49 (grupper) 22 82 81 97 (enkeltbillettar og rullestolplass)  

Overnatting, Hotellpakke, Reise

cropped-Evita_Hjemmeside.jpg Stord Hotell tilbyr hotellpakker til Evita. For meir informasjon, sjå Stord Hotell. Andre moglegheiter for overnatting: Bømlo Hotell Evita går i Moster Amfi 8.-18. august kl 22.00. Framsyninga varer i ca 2,5 timer, inkludert pauser. Sjå ferjetider for sambanda Sandvikvåg-Halhjem og Arsvågen-Mortavika for reiser tur-retur Bømlo. For billettar til framsyning: ticketmaster.no For å kontakte Ticketmaster: 22 82 81 49 (Grupper) 22 82 81 97 (Enkeltbestillingar og rullestolplass)