Øystein Lund Olafsen med på det kunstnarlege laget til Kristina frå Duvemåla

Me er særs glade for å ha Øystein Lund Olafsen med på det kunstnarlege laget til Kristina frå Duvemåla! Han vil ha ansvaret for vokalinnstudering og korleiing. Han vil også vera repetitør under øvingane i amfiet.

Øystein er utdanna ved Noregs musikkhøgskule, og har frå 2019 vore tilsett som kantor på Bømlo, og er dirigent for fleire kor her. Han er også dirigent og musikalsk leiar for Gospelkoret HIM i Oslo. Frå 2001 til 2018 var han tilsett som kantor i Lommedalen kyrkje i Bærum. Gjennom 25 år har han jobba med ein stor del av Noregs artistar, og jobbar fast med mellom anna Nordic Tenors, Elisabeth Andreassen, Hanne Krogh, Ole Edvard Antonsen, Alexander Rybak, Maria Arredondo & Torstein Sødal og Christian Ingebrigtsen.

Øystein har vore musikalsk leiar ved fleire musikalproduksjonar, som mellom anna Jungelboken ved Chat Noir og Chateau Neuf, og konsertversjon av Sound of Music. I fleire år var han koransvarleg ved han Nobelpriskonserten, og har jobba med internasjonale artistar som Josh Groban, Kurt Carr, Barry Manilow og Stevie Wonder.

Kristina frå Duvemåla blir den fyrste produksjonen saman med Bømlo Teater. Me ynskjer han hjarteleg velkomen til oss!