Odin Waage som Olav Haraldsson

Bømlo Teater er stolte av å presentere Odin Waage som Olav Haraldsson i Mostraspelet - I slik ei natt i Moster Amfi 2.-4. juni.

Odin er ein ung og spanande skodespelar som har gjort fleire store film og tv-roller dei siste åra. For mange er han nok best kjent som Glenn Tore, GT, gjennom tre sesongar av Rådebank på NRK. For denne rolla han fekk prisen som beste mannlege skodespelar under Gullruten i 2021. Han har også spelt i seriar som mellom anna Wisting, Julestjerna, Halvbroren, Øyenvitne og Beforeigners. Han debuterte i Mathias Jordal sin film Sammen allereie som 12 åring. Odin har familiebånd til Haugesund og han har vakse opp i ein kunstnarfamilie.

- Eg gler meg til å komme til Vestlandet og til Bømlo Teater. Dette blir mitt fyrste spel og det blir heilt rått, seier Odin. Sjå video med Odin HER.

Med rolla som Olav Haraldsson gjer Odin sin debut med Bømlo Teater og me ynskjer han hjarteleg velkommen til oss.

Billettar: Ticketmaster.no