Ny skodespelar i – I slik ei natt 2017!

hakon_karoliusen 2Det er med glede me kan presentere ein ny skodespelar til årets framsyning av I slik ei natt, som har nypremiere fredag 2. juni og som spelast i pinsehelga. Håkon Karoliussen frå Haugesund vil i år gjera rolla som Rane, Olav Haraldsson sin fosterfar. Håkon er utdanna ved Bergen Teaterskole. Ved Haugesund Teater har han mellom anna vore med i Edderkoppkvinnens kyss, Et dukkehjem, Annie og Marve Fleksnes, og no sist sett i Sånne som oss, og Peter Pan. Håkon var også med i Scenekrafts produksjonar Havet har meg, Rabinowitz og Heks. Våren 2011 var han med i filmen På bølgelengde. Håkon har òg jobba ved mellom anna Nordland Teater, Rogaland Teater, Trøndelag Teater, Riksteateret, Nationaltheatret og Den Nationale Scene. I 2004 var han med i vår oppsetning av Les Miserables. Det er fryste gang Håkon er med i Mostraspelet og me ynskjer han hjarteleg velkommen til Bømlo Teater og Mostraspelet – I slik ei natt. Billettar på bomlo.net