Nina Sele – årets regissør for Mostraspelet – I slik ei natt

Det er ei stor glede for oss å presentere Nina Sele som regissør for Mostraspelet - I slik ei natt. Nina har vore ein del av den kunstnarlege leiinga sidan urpremieren i 2016 både som regiassistent og som med-regissør, i tillegg til å vera skodespelar i framsyninga. Ho var også med i mange år i Kristkongane på Moster, både som amatør og profesjonell skodespelar.

  • Fyrst og fremst takkar eg for tillita. Sidan eg har vore med frå starten av I slik ei natt, så meiner eg å ha god kjennskap til spelet. Det å no stå i spissen for det kunstnarlege arbeidet ser eg på som ei stor gåve, seier Nina Sele.
  • Gjennom eit godt samarbeid med Bømlo Teater og alle dei fantastiske folka som er involvert i spelet på alle plan, er dette ein vår eg ser fram i mot. Arbeidet med spel som kombinerar amatører og profesjonelle har ein eigen dynamikk som det er utruleg kjekt å jobba med. Kanskje ikkje så rart dette ligg mitt hjarte nært, eg vaks jo opp i Mostraspelet.
Med å ha Nina med på laget får me ein god og tydeleg leiar med stor kompetanse. Ho kjenner Bømlo Teater godt, har ei høg stjerne blant våre skodespelarar, og i teateret generelt.
  • Det er naturleg og rett at det er Nina som tek over no, seier dramatikar og tidligare regissør for framsyninga Svein Tindberg.
  • Ikkje berre har ho vore ein dyktig skodespelar gjennom mange år, men hennar skarpe auge for regi har vore åpenbart for alle oss som har jobba med ho. Kunstnarleg teft, humor og eit varmt hjarte, - kan det bli betre, fortsett han. Svein og Nina har jobba tett saman med I slik ei natt sidan 2016.
Nina Sele er frå Bømlo og har vore med i ei rekke produksjonar med Bømlo Teater både som skodespelar og regissør. Ho er utdanna skodespelar ved NISS, og har jobba ved mellom anna Haugesund Teater og Jo Strømgren Kompani. Nina er ei av kreftene bak teaterkompaniet Scenekraft. Her har ho gjort sterke roller i mellom anna Sviker, Rederinnene og i Heddanominerte Rabinowitz.
  • Framsyningar i Moster Amfi 18.-20. juni 2020.
  • Billettar på bomlo.net