Musikalsk leiar for Kristina från Duvemåla

Bømlo Teater er særs glade for å presentere Gunvald Ottesen frå Stord som musikalsk leier for Norgespremieren på Kristina från Duvemåla i Moster Amfi sommaren 2021.

Gunvald gjekk på musikklinja ved Stord Vidaregåande, før han begynte på Toneheim folkehøgskule. Deretter kom han inn på direksjon ved Noregs musikkhøgskule der han gjekk i tre år, før han tok master i direksjon ved Musikkhøgskulen i Stockholm.

- Kristina från Duvemåla står meg veldig nære. Den har noke av den vakraste musikken eg veit om. Historia er sterk, gripande og storslått, og den fortjener ei scene og eit format som berre Moster Amfi kan gi, seier Ottesen.

Gunvald reknast som eit stort musikalsk talent og har trass sin unge alder allereie lang erfaring som musiker og dirigent. Han har vore engasjert som dirigent for mellom anna Stavanger symfoniorkester og Norrköping symfoniorkester, og vore assisterande dirigent ved Opera Østfold, Oslo Opereafestival og Bømlo Teater. Han har også dirigert ei rekkje store verk. Kommande haust skal han vera dirigent i musikalen Cabaret ved Göteborgs Operaen.

Dette er fjerde gongen Ottesen er med i ein Bømlo Teater produksjon. Han sto på scena i Musikalske høgdepunkt, var i orkesteret på West side story, og var assisterande musikalsk leiar og i orkesteret til Evita i 2018. No bli han musikalsk leiar for eit stort ensemble og eit orkester på 23 musikarar. Me er heldige som kan nytta ein så dyktig, profesjonelle lokal aktør som Ottesen på Bømlo, og ser fram til å samarbeide med han det kommande året.

- Eg gleder meg heilt enormt til å endeleg kunne vise Kristina från Duvemåla til det norske publikum, seier han.