Håstein Areson

Håstein er ein av storbøndene på Moster. Han driv mykje med handel, og er ofte ute på handelsreis til dei britiske øyane og kontinentet. På desse ferdene har han kome i kontakt med den nye trua på Kvitekrist, og han har lete seg primsigna. Håstein er hovding eller «herse» på Moster. Ingen veit av at han i løynd er vorten kristen. Når kong Olav Trygvason byd folket å ta ved trua på Kvitekrist, er han den fyrste til å tala for dette. Håstein er far til Vigdis, jenta som Torolv frå Grindheim er trulova med.

Desse har spela rolla som Håstein Areson:

  • Johan Kr. Nesse (1984-2008)
  • Håkon Vatle (2009)
  • Steinar Halleraker (2010-2015)