Komponisten

Om Kristkongane på Moster     Handlinga     Forfattaren     Komponisten     Rollene     Historikk Kjell Habbestad er fødd i 1955 på Bremnes i Bømlo. Han tok kyrkjemusikkutdanning ved Noregs musikkhøgskule i 1979 og diplomeksamen i komposisjon i 1981. Han var lektor ved Bergen Musikkonservatorium 1981-86, førsteamanuensis ved Østlandets Musikkonservatorium 1986-96, og ved Noregs musikkhøgskule frå 1996, professor frå 2012. I 1995 var han festspel-komponist ved festspela i Nord-Noreg. Same året utgav han mostraspelmusikken på CD. Habbestads verkliste, som tel 91 verk, omfattar orkester-, kammer- og korverk. Eit vidtfemnande samarbeid med forfattaren Paal-Helge Haugen har m.a. resultert i oratoriet Ei natt på jorda og operaene Hans Egedes natt og The Maid of Norway, sistnemnde tinga av Kulturby Bergen i 2000. I nyare tid kan nemnast operaen Une page d’Histoire de la Civilisation (2005), og oratoriet Adam og Eva (2008). For å gje musikken til "Kristkongane på Moster" ein rett tidskoloritt, vert her nytta sekvensar og kvad frå tidleg mellomalder. Melodiane vert nytta dels i opphaveleg form, dels som utgangspunkt for eige musikalsk uttrykk. Merksemda knyter seg særleg til 4 av desse eldgamle strofene: Ar var Allda (Årle i old) Kvadmelodien er frå Norrøn mellomalder, henta i eit musikkleksikon av J. B. de la Borde, Paris 1780. Teksten er frå Voluspå, gudekvad frå den eldre Edda, omsett til norsk av Ivar Mortensen Egnund. Somme forskarar hevdar Voluspå kan ha vorte til under påverknad av, eventuelt som forsvar mot den framrykkjande kristendomen. Accipite jocunditatem gloriae vestrae Gregoriansk sekvens, antifon (omkvede) til introitus i messa. Melodien er funnen ved århundreskiftet under eit forskningsarbeid ved universitetet i Oslo. Eldgamle musikkmanuskript hadde fått tena som omslagsblad for sorekskrivar rekneskapsbøker, oppskorne i strimlar til ryggbind. Musikkforskar Georg Reiss tidfeste musikken som er forsynt med irskangelsaksisk neumeteikn, til det 10. århundre, og framheld at han er ført til Noreg av misjonærane åt Olav Trygvason. Teksten (4.Esra 2, 36-37) er i Romer-messa nytta kring pinse. Så kven veit om ikkje denne antifonen kan ha vorte brukt då Olav Trygvason let halde messe på Moster på sommarstid i året 995. Ormurin Langi (Ormen Lange) er ein færøyisk kvaddansmelodi, oppnotert av Astrid Luhin i hovudoppgåva "Føroyskur dansur". Melodien har sams trekk med vår noverande form, men eig ein langt meir opphaveleg karakter. Teksten er omsett til norsk av Per Sivle. Hiuggo ver met Hiorvi (Hardt me hogg med sverdom) er også henta frå J. B. de la Bordes musikkantologi. I Mostraspelet er elles nytta den utjamna versjonen av "Prædicasti" (1200-talet) frå Olavsmusikken i Nidaros, samt messeledda Kyrie eleison, Gloria, Credo og Ite, Missa est frå Graduale Romanum. Du kan og gå til heimesida til komponisten: http://www.kjellhabbestad.no