Historikk

Om Kristkongane på Moster     Handlinga     Forfattaren     Komponisten     Rollene     Historikk

MSP_09_L-2096Kva som eigentleg hende på Moster er ikkje godt å seia. Me har ikkje så mykje skriftleg historisk stoff å halda oss til, men me veit at Moster var ein viktig stad i vikingtida, då her var kongsgard og tingstad frå gamalt av.

Her var ei naturleg, god hamn i allslags vêr. Fjellet Siggjo var eit godt synleg og mykje bruktsiglingsmerke for reisande som kom inn frå Nordsjøen. Same om dei kom attende frå plyndringstokt, eller det som var meir vanleg, at dei kom frå handelsferder til dei britiske øyane. Handelsferdene var mykje meir vanleg, men ikkje så mykje omtala som dei meir heroiske plyndringstokta. Desse vart det fortald om og dei vart til myter og segn som muntleg vart overlevert frå generasjon til generasjon.

I og med den muntlege overleveringa må me rekna med at dei vart krydra og gjort meir heroiske etter som generasjonane førte dei vidare. Av historiske nedteikningar er det Snorres kongesoger som har omtale av Moster i “Soga om Olav Trygvason”. Her står det: “Då kongen kom siglande over havet frå vest sette han fyrst fot på Moster. Her let han syngje messe i telta på land, og sidan let han rita opp grunnen til den fyrste kyrkja som sidan vart reist.” Dette er seinare tidfesta til året 995.


Frå Mostraspelet 2011Då kong Olav Haraldsson (Olav den heilage) hadde nedteikna den fyrste kristne landslova (Kristenretten), vart denne fyrst opplesen og vedteken på Mostratinget i året 1024. At Moster var fyrste tingstaden denne lova vart vedteken viser også den vekt dette lagtinget hadde i vikingtida. Sidan vart lova vedteken på alle tinga kringom i landet, og med det vart landet ført over til kristendomen, sjølv om det nok framleis var mange som ikkje gav slepp på den gamle åsatrua.