Handlinga

Kristkongane på Moster handlar om ei særs opprivande tid i Noregssoga. Gamle sedar og skikkar vart avløyste av nye og ukjende. Den gamle trua på Tor og Odin, ja heile den gamle norske gudelæra skulle vrakast og trua på kristendomen vart innførd. Dette var det ikkje alle som utan vidare godtok.

Me tek del i den kampen som gjekk føre seg, ikkje berre på Moster, men mange andre stader krigom i landet. Dette skapte splid i bygdene, ja, endåtil innan familiar kunne dette føra til stor usemje. Nokon godtok den nye læra, medan andre ikkje ville gje slepp på den gamle gudelæra.

Torolv frå Grindheim er kongsbonde på Grindheim, og dermed hovding, ja som ein «småkonge» å rekna. I kvart bygdelag hadde dei «hov» der dei tilbad dei gamle nordiske gudane som Tor og Odin og mange andre. Den som stod for dei religiøse seremoniane var «Goden». Me møter Håstein Areson som «gode». Han og Torolv var gode vener, og Torolv var kjær i dotter til Håstein, Vigdis. Giftarmål var nært føreståande. Håstein hadde «gjeve handartak for Vigdis», og Torolv og Vigdis var trulova. Då Olav Trygvason stig i land på Moster og krev farsarven sin og bøndene sverjer han som sin nye konge, vert planane om giftarmål skipla.

Kongen vil samstundes føra inn læra om Kvitekrist. Torolv nektar å vedkjenna seg denne nye læra, og kongen lyser han fredlaus, men let han fara frå tingstaden. Torolv lyt røma, og som så mange andre før han, dreg han på plyndringstokt til framande land.

Når me møter Torolv att på Moster er han ein velhalden mann. Han har fått seg ny gard, og store rikdomar har han røva med seg på plyndringstokta sine. På Moster har mangt endra seg. Håstein Areson som vedkjende seg den nye læra, etter å ha møtt henne også på handelsferdene sine, har teke til å tvila, og då særleg etter å ha sett framferda åt presten Tangbrand. Tangbrand har nytta stillinga si som prest på Moster til å samla seg eige gods og gull, ja det seiest at han endå har fare i viking og plyndra og herja.

Vigdis, dotter åt Håstein, og Torberra, mor åt Torolv, har båe funne ro og kvile i den nye trua og i messene i kyrkja som no er bygd. Til forskjel frå ståket og spetakkelet i hovet med drykk og blot, ja, endå menneskeofring, finn dei ei indre ro i kyrkja. Men dei er og forferda over framferda åt Tangbrand. Møtet mellom Torolv og Vigdis vert ikkje slik Torolv hadde vona. Vigdis kan ikkje godta framferda åt Torolv med plyndring og drap. Det vert eit brot mellom dei to.

I det heile er det mange av både bønder og hovdingar av Sunnhordane som har teke til å tvila på heile nyetrua. Det lid til tings, og mange av bøndene og hovdingane er alt samla. Torolv eggjer dei opp til å gå mot kongen for å få han til å leggja av nyetrua. I konfrontasjonen som fylgjer mellom kongen og bøndene, vert bøndene på ny truga til å ta ved nyetrua.

Presten Tangbrand vert pålagt å fara til Island for å omvenda islendingane, då kongen ynskjer at også frendelanda skal hevjast or heidendomen. Dette vekkjer stor åtgaum på tinget, då folket er lei av herjingane åt Tangbrand. Torolv får på ny forlata tingstaden etter at både Håstein Areson og dottera Vigdis har bede for han til kongen.

I året 1024 er bønder og hovdingar atter samla på Moster. Denne gongen er det ein ny konge, Olav Haraldson (den heilage) som stemner til tings for å lesa opp og få vedteke den nye landslova – Kristenretten.

Under opplesinga av lova, dukkar Torolv opp og riv ned krossen som er reist på tingstaden. Han vert pågripen. Ved eit mistak stikk væpnaren til kongen ned Torolv.

Torolv andar ut der på tingvollen med hovudet i fanget på Vigdis, som ikkje kunne gløyma han og kjenslene dei hadde for kvarandre, sjølv om trua skilde dei.