Forfattaren

Svein Tindberg er ein av våre framste skodespelarar i Noreg og har jobba ei årrekkje ved Det Norske Teatret. Han har òg vore ved Nationaltheatret, Trøndelag Teater og Riksteatern i Sverige. Svein har gjort stor suksess med framsyningane MarkusevangelietApostlenes gjerninger og Abrahams barn, som han sjølv skreiv manuset til. I fleire år hadde han regi og spelte i Kristkongane på Moster.

Svein debuterer som dramatikar med I slik ei natt. Med det nye spelet vil han vise vegen til Olav Haraldsson frå brutal viking til den kristne kongen som stod på Moster og la fram eit heilt nytt menneskesyn for folket sitt.