Mostraspelet – I slik ei natt er flytta til august!

Kjære publikum.
  • I går vart det klart at forbodet mot kulturarrangementer er utvida fram til 15. juni. Det er difor klart at me ikkje klarar å gjennomføre MOSTRASPELSHELG i Moster Amfi og dermed «I SLIK EI NATT» som planlagt 18.-21. juni 2020.
  • Dette er heilt nødvendige restriksjonar som me som arrangør må fylgje. Me vel difor å utsetje Mostraspelet til siste helga i august, nærare bestemt 27.-30. AUGUST 2020
  • Me har frose alt billettsal på bomlo.net - og jobbar for ei avklaring rundt billettrefusjonar og ev endring av billett, og ber om forståing for at me ikkje kan svare på dette akkurat no. Vårt utgangspunkt er å finne ei god løysing, og me kommer tilbake med informasjon rundt dette veldig snart!
  • Til då veit me nok meir om heile Mostraspel- programmet, klokkeslett for spelet mm. Me vil halde alle våre støttespelarar, samarbeidspartnarar, aktørar og publikum og frivillige orientert om vegen vidare.
  • Bømlo Teater vil gjere alt som står i vår makt for å få gjennomført MOSTRASPELET 2020. Til me har meir informasjon ynskjer me alle ei god påske - med eit lite tilbakeblikk frå I SLIK EI NATT 2019.
Manus: Svein Tindberg Musikk: Kjetil Bjerkestrand