Mostraspelet – I slik ei natt, er avlyst.

Det er tungt å melde at Mostraspelet 2020, I slik ei natt, blir avlyst. Me gjorde fyrst eit forsøk på å flytta framsyninga frå juni til august, men etter at regjeringa forlenga forbodet mot arrangement over 500 til 1. september, kan me ikkje avvikle årets spel. Dette er sjølvsagt svært beklageleg, og ei krevjande avgjersle å ta. Denne situasjonen er ute av vår kontroll, men me må sjølvsagt innrette oss etter desse føringane for å hindre smittespreiing. Me vil takke alle aktørar, produksjonen og støttespelarar for forståing og positive innstilling i denne prosessen. Sjølv om me må avlyse årets Mostraspel vil me komma sterkt tilbake med andre framsyningar og produksjonar framover, så fort det blir moglegheit for det. Me gler oss til me kan samlast igjen, både aktørar og publikum og skapa gode opplevingar saman etter denne utfordrande perioden. Refusjon av billetta vert gjort automatisk frå bomlo.net. Ved spørsmål angåande billettar ta kontakt på post@bydgatunet.no.