Mareike Wang er vår Ulrika

Det gler oss å presentere den fyrste kvinnelege hovudrolla i Kristina frå Duvemåla: Mareike Wang skal gjera rolla Ulrika i denne noregspremieren med Bømlo Teater i august.

Mareike er frå Stavanger. Ho er tilsett ved Rogaland Teater og vert å sjå i Våken Drøm – Vamp i teateret, utover våren. Elles har ho medverka i produksjonar som Peer Gynt, Sonny, Festen, Blodig alvor, Tønnes og Ein midtsommernatts drøm. Ho har også gjort Eponine i Les Miserabéls i Sandnes, Haugesund og ved Kilden Teater - og konserthus, Pepita i Taube – En musikalsk forestilling ved Edderkoppen Teater i Oslo, og vore tilsett ved Det Norske Teatret. I 2006 vart ho uteksaminert frå The Liverpool Institute for Performing Arts (LIPA). Ho budde og jobba i London to år etterpå og gjorde mellom anna Belle i Skjønneten og udyret.

- Eg gleder med veldig til å ta fatt på denne rike musikalen med så fantastisk musikk, og til å samarbeide med alle de andre flinke aktørane, seier ho.

Mareike er ei allsidig, kraftfull skodespelerinne og ei sterk songarinne med eit bredt repertoar. I 2011 hadde med gleda av å ha Mareike med oss i produksjonen Musikalske høgdepunkt, der ho song frå mellom anna Chess, Les Miserablés og Miss Saigon. Me ser fram til eit nytt samarbeid med Mareike og særs glade for at nettopp ho skal gjera Ulrika i denne framsyninga i Moster Amfi.

Framsyningar 4.- 14. august.

Billettar på: Ticketmaster.no

Sjå video med Mareike HER