Kulturminister Trine Skei Grande opnar Mostraspelet 2019!

Trine Skei Grande, Venstre, Oslo
Det er ei stor glede for oss å presentere kulturminister Trine Skei Grande som opnar av  årets Mostraspel – I slik ei natt, fredag den 7. juni. - Det er veldig stas og bli invitert, og eg er veldig glad for å få gjera dette, seier Grande om å få opna Mostraspelet. Det er ei ære for Bømlo Teater at kulturministeren kjem til oss og til Moster Amfi i juni. Dette er både viktig og motiverande i det vidare arbeidet med 1000 års markeringa av kristenretten i 2024. Me vil takka og ordførar Odd Harald Hovland og ikkje minst Anne Beth Njærheim med å få dette til. Framsyninga går i Moster Amfi 7.-9. juni kl 18.00. Urpremieren av I slik ei natt i 2016 blei opna av tidligare kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Billettar: bomlo.net