Bømlo Teater vil på ny setje opp ein musikal i Moster Amfi i 2021, tre år etter Evita. Me kan stolt presentere Norgespremie på:
Kristina från Duvemåla

Ein svensk musikal bygd på Vilhelm Mobergs utvandrarepos.
Av Benny Andersson, Björn Ulvaeus, Lars Rudolfsson
Me er glade for å kunne gjera ein ny stor musikal, med fantastisk musikk og med ei sterk historie som passar perfekt for Bømlo, vestlandet og Moster Amfi. Det blir fyrste gong musikalen vert sett opp på ein norsk scene i fullversjon, og med norsk tekst. Regissør er Jostein Kirkeby-Garstad og musikalsk leiar er Gunvald Ottesen. Omsetting gjerast av Runa Våge Krukhaug. Øystein Lund Olafsen er ansvarleg for kor- og sanginnstudering.
Musikalen skildrar livet til Kristina frå Småland i Sverige på midten av 1800-talet. Det er eit nådelaust liv for fattige bønder, og saman med borna og sitt livs kjærleik, Karl-Oskar sel dei garden og emigrere til USA. Dei slår seg ned i Minnesota, kor livet byr på andre, men like store utfordringar som heime i gamlelandet.