Julehuset 20 år!

admin-ajax.php

20 års jubileum for Julehuset!

Bømlo Teater viser tradisjonen tro, Julehuset i Bømlo kulturhus, 2-4.12 og på Langevåg bygdatun 7.12! Julehuset har gjennom 20 år vore gjennom nokre endringar, men ingen har rokka ved historia til Mons og Mogens. Me møter mormor og Godrosa i det vesle raude huset i skogen, dansande snøfnugg og leikande nisseungar. Skogsnissane Mons og Mogens luskar som vanleg rundt og finn på nissestrekar. I år møter me òg nokre nye nissar…Kven er dei og kva gjer dei i skogen? Kjem trolla i år også? Både store og små er velkomne til denne jubileumsframsyninga. Dei 50 store og små skodespelarane vil laga god julestemning i år også. Les meir Billettar: bomlokulturhus.no og bomlo.net