Jul i Svingen tilbake i desember

Bømlo Teater går i gang igjen etter sommarens store musikalproduksjon, Kristina frå Duvemåla.

Som i fjor vil Bømlo Teater ha «Jul i Svingen» i Bømlo kulturhus, med framsyningar 2.-5.desember. Her møter me Linus, dei andre barna i Svingen og foreldra deira, som er kjente og kjære figurar frå julekalenderen på NRK. Framsyninga er bygd på Kjetil Indregard sitt manus og med Odd Nordstoga sin fantastiske musikk.

Grunna usikkerhet om kor mange billettar som kan seljast til kvar framsyning, vert ikkje billettar lagt ut før det kjem avklaring frå myndighetene i haust. Så følg med på Bømlo kulturhus og Bømlo Teater sine nett- og facebooksider framover.

Ynskjer alle hjarteleg velkommen til Jul i Svingen!