Jostein Kirkeby-Garstad blir regissør for EVITA!

Portrett JosteinJostein Kirkeby-Garstad kjem tilbake til Bømlo sommaren 2018 for å ha regi og koreografi på den storslåtte klassikaren Evita i Moster Amfi 8. August! Han var koreograf for Bømlo Teater sin produksjon av Chess i 2006. Jostein er ein erfaren regissør og koreograf som har jobba ved mellom anna Det Norske Teatret, Torshovteatret, Kilden Teater - og Konserthus, Haugesund Teater og Nordland Teater. I 2005 debuterte han som regissør på Haugesund Teater, året før han var koreograf på Chess i Moster Amfi, ein fullversjons-produksjon med 90 profesjonelle og amatørar på scena. Han har mellom anna hatt regi på Doktor Proktors Prompepulver på Kilden, Hakkebakkeskogen i Dyreparken, Skjønnheten og Udyret på Christiania Teater, Annie på Folketeateret og Eg elskar deg, du er heilt perfekt… på Det Norske Teateret i 2012. Han har vore koreograf på framsyningar som The Sound of Music på Kilden, Rocky Horror Show på Nordland Teater og Verdiløse menn på Torshovteatret. Han har bakgrunn som skodespelar, og byrja tidleg i scenekarrieren å jobba i det private feltet. Han jobba som koreograf og produksjonsleiar, og var med på starten til artistar som Ylvis, Raske Menn og Nordic Tenors. Jostein jobbar tett med Kristiansand Dyrepark og er regissør, manusforfattar og konseptutviklar for parken sine versjonar av Hakkebakkeskogen, og Kardemommeby. Me har fått ein erfaren scenekunstnar på laget og gler oss til endå eit godt og kreativt samarbeid!