Jegertimen

Det aller beste og det aller verste som kan skje med Lukas, skjer på Halloweenfesten til Lena. Lukas huskar ingenting, men det forandrar seg når etterforskar «Charity Case» tar han med ut av limbo og tilbake til festen for å løyse ein mord-sak. Humor, surrealisme og brutal, ungdommeleg alvor er noko av det Jegertimen byr på. Jegertimen er eit aktuelt og spenstig fortalt teaterstykke om identitet, seksualitet og sjølvmord. Dette er eit nyskrive stykke av Hanne Hagerup som krev mykje av dei unge skodespelarane, og som tek ungdommen på stort alvor. Her blir alle kjensler og folkelege fargar med på Halloweenfesten på Kolle. Jegertimen er ein del av det landsomfattande teaterprosjektet DUS, Den Unge Scene. Fredag 29. mars vil dei unge skodespelarane frå Bømlo Teater spela på Den Nationale Scene som ein del av den regionale DUS-festivalen.