Irene Waage tilbake i Mostraspelet!

Det er gledeleg for oss at Irene Waage endeleg skal vera med i Mostraspelet I slik ei natt, i rolla som Ragnhild.
  • Eg er svært glad for å vera med i Mostraspelet igjen. Det er no ti år sidan eg var med i Kristkongane på Moster. Det er godt å kunne komma heim til Bømlo og jobba innimellom. Gler meg til å treffa gamle og nye Mostraspelarar og ikkje minst ha Nina Sele som regissør, seier ho.
Irene er frå Bømlo og er utdanna ved Statens Teaterhøgskule (KHIO). Ho har mange år bak seg ved Den Nationale Scene, Hordaland Teater ( Det vestnorske teateret) og Sogn og Fjordane Teater (Teater Vestland), og vore med i framsyningar som mellom anna Vildanden, Kristin Lavransdatter, Hellemyrsfolket, Fanny og Alexander, Les Misérables, Kirsebærhaven og Namnet. Med Irene får me ein erfaren, stødig og meget talentfull skodespelar inn i ensemblet. Me ynskjer ho hjarteleg velkommen heim til Bømlo Teater og til Mostraspelet - I slik ei natt. Framsyninga går 18.-20. juni i Moster Amfi.