Gyril

Gyril er ei av dei unge kvinnene på Moster. Ho er dottera til Ragnhild og Sigurd, og systra til Tord. Gyril kan skildrast som å ha «tynne veggar», ho har mange store og intense kjensler og drøymer kva som kjem til å skje eller kva som skjer andre stader enn der ho er – som når faren er ute på havet. Sjølv om det ho drøymer stemmer, er det ikkje alltid folket trur på henne, eller forstår henne, og ungane på Moster mobbar henne. Når Tord kjem heim og har med seg trælen Omar, oppstår det sterke kjensler mellom Omar og Gyril, men foreldra hennar er i mot det og prøver å halde dei åtskild.

Desse har spela rolla som Gyril:

  • Vilde Stokke (2016-2017, 2019)
  • Thea Malene Haldorsen (2022)