Komponisten

Kjetil Bjerkestrand er utdanna ved Musikkhøgskolen og er ein av Noregs mest renommerte komponistar og musikarar. Han har komponert, produsert og skrive musikk for artistar som Ray Charles, Dee Dee Bridgewater, A-ha, Arve Tellefsen, Sissel Kyrkjebø, Herborg Kråkevik, og for orkester som KORK, Oslo Filharmoniske, Bergen Filharmoniske, Trondheim Symfoniorkester og ei lang rekkje andre.

Kjetil har komponert musikk til mange kinofilmar og TV-seriar, mellom anna VeiviserenHodet over vannetGurin med reverompaTi kniver i hjertet, og for teaterframsyningar som MacbethHerregårdsspelet og Peer Gynt. Han har vore musikar på ei rekkje plateinnspelingar og gav i 2010 ut sitt første soloalbum Piano Poems – Una Corda på Kirkelig Kulturverksted.

Musikken til I slik ei natt består delvis av ostinat, det vil seie gjentakande lydmønster, som ein kan kalle tilstandar. Mange av ostinata er korte motiv, der hensikta er å skildre kvar me er eller kva slags tilstand me er i. Musikken er sjølvstendige stykke som kan brytast ned til enkelte bestanddelar, eller spelast samla, alt etter kva me skal skildre. Det ligg òg musikk under mykje av dialogen, såkalla «underscores». Instrumenteringa i orkesteret er vokal, fløyter, bratsj, gitar, bass, perkusjon, tangentar og elektronikk.

I tillegg til denne tilstandsmusikken, er det nokre songar. Nokre av motiva frå songane går igjen i underscora, men då gjerne spelt med andre instrument. Dette er for at musikken skal verte ein heilskap som publikum kan kjenne igjen.