Handlinga

Om I slik ei natt     Handlinga     Forfattaren     Komponisten     Rollene     Info til skulane I slik ei natt fokuserer på vikingkongen og legenda Olav Haraldsson, både før, medan og etter at han presenterte kristenretten på Mostratinget i 1024. Denne hendinga for snart eitt tusen år sidan markerer det store sédskiftet i norsk kultur: overgangen frå norrøn- til katolsk rettspraksis. Framsyninga har ei dramatisk og spanande oppbygning, der handlinga utspeler seg på fleire stader og i ulike årstal. Hovudsetet er på Moster, og elles er me i Greenwich i England, Cádiz i Spania, Rouen i Frankrike og kongsgarden i Borg.
Anderz Eide i rolla som Sigurd og Vilde Stokke i rolla som Gyril.
Sigurd (Anderz Eide) og Gyril (Vilde Stokke) under stormen. Foto: Magne Langåker
Framsyninga byrjar på Moster i 1030. Det er natt og storm. Den unge kvinna Gyril fortel far sin, Sigurd, at det ligg ein framandbåt nede i hamna, og fleire av mennene spring for å finne ut av kva som føregår. I kyrkja sit det ein mann med spyd. Når mannen byrjar å skjere laus kyrkjeklokka tar ho til å ringje og folket på Moster strøymer til. Mannen er Tore Hund og det han har å fortelje folket gjer dei sjokkerte og rasande. Så hoppar me fleire år tilbake. Me startar i 1011 og jobbar oss framover i både tid og stad på Moster og i England, Spania, Frankrike og Borg. Me drar blant anna til ein vikingleir i Greenwich der Olav Haraldsson og fosterfaren hans Rane oppheld seg saman med mennene sine. Dei er der saman med handelsmannen Sigurd og hans menn frå Moster. Seinare får dei besøk av Torkjell Høge som kjem med fylgjet sitt og trælen Omar. Dei har vore hjå kong Ethelred og krevd løysepengar for å ikkje angripe han. Etter kvart vert Alfegus, Erkebiskopen av Canterbury, ført inn til dei. Alfegus har vore fangen til Olav dei siste sju månadane. Det oppstår ein konflikt mellom Olav og Sigurd. På Moster er borna ute og leikar. Undervegs lærer Tora dei historiene bak reglene deira. Gyril sit og ser på og mora hennar, Ragnhild, kjem ut til dei. Når ungane spring for å leike gøyme og telje, har Gyril og Ragnhild ei stund i lag.
Mennene på havet med Rane (Randolf Walderhaug) i spissen. Foto: Magne Langåker
Mennene på havet med Rane (Randolf Walderhaug) i spissen. Foto: Magne Langåker
Me fylgjer karakterane vidare medan nokre av mennene kjem heim og andre må kjempe mot havet. Me får møte Assia, ei lokal kvinne i Cádiz, som hjelper mennene med å kome til hektene igjen, og me får sjå kva som gjer at Olav Haraldsson drar til Rouen for å verte døypt. I Borg trener kongen og bisp Grimkjell med våpen under leiing av Rane. Dei får besøk av to brør frå Langøya i Hadsel, Gunnstein og Karle, som gir kongen nye opplysningar om Tore Hund og støttespelarane hans. Me flyttar oss tilbake til Moster i 1024. Mostratinget går mot slutten og på sletta ventar mellom anna Sterke-Ravn, Bror, Jorid og Tora for å høyre kva tinget har kome fram til. Medan dei ventar kjenner Jorid at vatnet går og Tora må hjelpe henne ut. Mennene kjem ut frå tinget og fortel dei som er der om dei nye lovane, noko som vert møtt med misnøye frå folket som ikkje vil verte fortalt korleis dei skal leve og oppføre seg. Sterke-Ravn og Bror kjem springande og fortel at Åsmund vil setje den nyfødde jenta ut for å døy fordi det er noko galt med henne. Olav stoppar han. Olav gir barnet namnet Kristina og bisp Grimkjell døyper henne.
Tore Hund (Svein Tindberg), Tora (Ingunn Rolfsnes) og Presten (Brynjar Stautland). Foto: Magne Langåker
Tore Hund (Svein Tindberg), Tora (Ingunn Rolfsnes) og Presten (Brynjar Stautland). Foto: Magne Langåker
Me endar til slutt opp der me starta, med Tore Hund i kyrkjetårnet på Moster i 1030. Det han fortel folket gjer dei sjokkert og rasande, men presten får roa dei ned. Han ber dei om å gå slik at han kan snakke med Tore åleine. Tora kjem ned til dei i lag med Kristina som no er seks år gammal. Tora og presten snakkar med Tore i lag. Kan dei få Tore Hund til å endre meining?