Hallvard Holmen klar for Mostraspelet – I slik ei natt

(Foto: Erika Hebbert)

Det er ei glede for Bømlo Teater å meddele at Hallvard Holmen skal gjera rolla som Tore Hund i årets Mostraspel - I slik ei natt. Dette er fyrste gong Hallvard besøker Bømlo Teater.

Hallvard har si utdanning frå Statens teaterhøyskole og er til dagleg tilsett ved Det Norske Teatret i Oslo. I tillegg har han vore innom dei fleste andre institusjonar, som mellom anna Nationaltheatret, Rogaland Teater og Hålogaland Teater. Her har han gjort ei rekke store roller, som Ibsens «Brand» og Shakespeares «Hamlet» for å nemne nokon.

Holmen har også gjort ei lang rekke filmar og tv-seriar. Over 40 i talet, og han er nominert til fleire Gullrute prisar og Amandapris. For mange er han nok best kjend som Roy i tv-serien «Himmelblå» eller Prorektor Ingstad i «Side om Side".

Hallvard har også tidligare erfaringar frå spel. Han har mellom anna gjort Dovregubben i "Per Gynt» ved Gålåvatnet (2016) og Kong Olav Haraldsson i «Spelet om Heilage Olav» på Stiklestad (2005, 2006).

Me er særs nøgd med å få Hallvard Holmen med oss i årets produksjon. Han er ein sterk formidlar og er ein skodespelar som vil bera rolla som Tore Hund godt. Bømlo Teater ser verkeleg fram til samarbeidet med Hallvard og ynskjer han velkommen til oss.

Framsyningar i Moster Amfi 2.-4. juni. kl 18.00

Billettar: Ticketmaster.no