Gjøkeredet

Gjøkeredet er mest kjend gjennom filmen frå 1975 med Jack Nicholson i hovudrolla. Dramaet byggjer på Ken Kesey sin kjende roman frå sekstitalet kor den grav alvorlege og samtidig humoristiske handlinga føregår på ei avdeling for psykisk sjuke. Den brutalt sjarmerande pasienten R.P. Murphy gjer opprør mot systemet - personifisert av den systemtru og viljesterke avdelingsleiar Rakel. Bømlo Teater fortel historia om folk, når me har det som verst, om skam og botnlause nederlag, om samhald og kameratskap. Å vera vekke så alt for lenge - og kanskje finne trua på å ein gong koma tilbake. På scena: Per Arne Moldøen, Ingrid Leithaug Mjanger, Geir Ersland, Jane Vika, Vegard Eidet Hansen, Rannveig Steinsbø, Frode Steinsland, Karoline Steinsvåg, Dag Bøthun, Janne Gilje Røsland, Marianne Grønnevik, Martin Vika, Ann Kristin Fostervoll, Ole Kristian Grindheim, Eirin Nordvik, Mathilde Wiik.