Den unge, fattige kunstnaren Brindsley Miller har invitert ein millionær og kunstsamlar til å sjå på verka hans, i håp om at han vil kjøpa noko. For å gjera eit godtinntrykk, tjuvlåner han møblar og innbu frå naboleilegheita. Alt ser ut til å gå etter planen, men så går plutseleg lyset - og alt ender i forviklingar - og det som kan gå gale, går gale.