Evita

fullsizeoutput_351e

Bømlo Teater presenterer Evita, i Moster Amfi 8.-18. august 2018!

KJØP BILLETTAR For fyrste gong vil Evita bli satt opp i fullversjon på ei utescene i Noreg. Framsyninga er skriven av Andrew Lloyd Webber og Tim Rice og går inn i rekkja av verdskjende musikalar som Bømlo Teater har gjort så langt: Jesus Christ Superstar, Les Misérables, Chess, Miss Saigon og West Side Story, sistnemde i 2014. På rollelista står blant anna Lisa Stokke som Evita, André Søfteland som Che og Espen Hana som Juan Perón. I tillegg er det eit ensemble på 55, både besøkande, proffesjonelle og lokale. Orkesteret består av 18 musikarar, under leing av Trond Husebø. Regissør er Jostein Kirkeby-Garstad. Musikalen inneheld kjende songar som mellom anna Don´t Cry for Me Argentina. Bømlo Teater si framføring vert gjort på nynorsk, i Ola Bø sin omsetjing. Framsyninga varer i ca 2,5 timer inkl pause. Les meir om framsyninga HER. Les presseomtaler HER Billettar: ticketmaster.no. Kan og kjøpast i billettluka i Moster Amfi frå kl 18.00 alle framsyningsdagar. For å kontakte Ticketmaster: 22 82 81 49 (Grupper) 22 82 81 97 (Enkeltbestillingar og rullestolplass) Sjå ferjetider for sambanda Sandvikvåg-Halhjem og Arsvågen-Mortavika Me ynskjer publikum hjarteleg velkommen til ei magisk oppleving i august 2018!