Espen Hana er vår Danjel

Bømlo Teater er veldig glade for å presentere Espen Hana i rolla som Danjel i Kristina frå Duvemåla.

Espen er ein fabelaktig skodespelar kjent frå mange arenaer. I fleire periodar har han vore ved Den Nationale Scene, men best kjenner me han frå Rogaland Teater. Her har han i ei årrekkje gjort eit uttall rollar og framsyningar, og er no aktuell med framsyninga Våken drøm – Vamp i teateret.  Til hausten skal han og Mia Gundersen på turné med framsyninga Endelig sammen igjen!

Espen er også kjent som komponist, entertainer og plateartist, og han har gjort fleire store musikalar som Les Miserablés, Sound of Music, Blanke Messingen, Chess og Evita. Saman med sonen Frikk Hana vert det no ein ny stormusikal for Espen.

  - Me gler oss stor til Kristina frå Duvemåla. Me var begge med i Evita i 2018, og det blir veldig, veldig kjekt å komma tilbake, seier dei.  

Rollen Danjel er prest og onkelen til Kristina. Espen er ein allsidig, stødig skodespelar og songar som vil gi denne rolla truverd og tyngde. Han er ein god lagspelar og skapar ro og tryggleik for sine medskodespelarar og i heile ensemblet. Me ynskjer både Espen og Frikk velkommen til Bømlo Teater og Moster Amfi!

Framsyninga 4.-14. august i Moster Amfi.

Billettar på: Ticketmaster.no