Me presenterer med glede Trond Dagsland i ensemblet for Norgespremiere på Kristina frå Duvemåla.! Trond er ein allsidig songar og musikalartist frå Stavanger med bred erfaring frå ulike produksjonar rundt om i landet. Etter si musikalutdanning frå Bårdar Akademiet har Trond medverka i bl.a. Billy Elliot og Les Miserablés ved Sandnes Kulturhus og Festiviteten, An-Magritt ved Trøndelag Teater, Evita på Chateau Neuf og Rogaland Teater, Songs for a New World ved Drammens Teater, samt Jesus Christ Superstar ved Agder Teater Fjæreheia. Han gjorde Peter i Jesus Christ Superstar på Sola Kulturhus. Fun fact: Trond ble født på ferja mellom Bømlo og Stord, og budde sine fyrste leveår på Bømlo. Nå er han endeleg tilbake, og er veldig glad for å gjera sin fyrste produksjon med Bømlo Teater i Moster Amfi!
Billettar: www.ticketmaster.no/artist/kristina-fra-duvemala-billetter/952164?language=no-no ... Sjå meirSjå mindre
Veldig kjekt for oss å presentere Anita Myhre ensemblet for Norgespremiere på Kristina frå Duvemåla.! Anita er utdanna ved Musikkteaterhøyskolen i Oslo, kjem frå Stord men er no bømling på fulltid. Ho fekk mykje sceneerfaring då ho jobba fire sesongar for 2Entertain på Color Line. I 2017 gjesta ho Haugesund Teater i oppsetjinga Jesus Christ Superstar, og ho har delteke i dei siste fire musikalane til Bømlo Teater i Moster Amfi; Evita, West Side Story, Musikalske høgdepunkt og Miss Saigon. I 2015 gjorde ho rolla Vigdis i Mostraspelet – Kristkongane på Moster. Anita gler seg til nok ein produksjon med Bømlo Teater, for amfi-somrane er dei beste tykkjer ho!
Billettar: www.ticketmaster.no/artist/kristina-fra-duvemala-billetter/952164?language=no-no ... Sjå meirSjå mindre