Billettsal i gang for “I slik ei natt” – Mostraspelet 2017!

Isen banner 2017 1

For andre gong set Bømlo Teater opp ”I slik ei natt” i Moster Amfi. Nesten 4000 publikummarar såg framsyninga i urpremiereåret 2016 i det nyrenoverte amfiet. ”I slik ei natt” skal spelast i pinsen, tre framsyningar i tida 2.6-4.6, kl 18.00. For fyrste gong vert det seld plassbillettar under Mostraspelet; så no kan ein sikra seg gode plassar tidleg!

Billettar er i sal på bomlo.net

Omlag 80 skodespelarar vil stå på scena i vår historie om Olav Haraldsson, ei god blanding av lokale amatørar og profesjonelle aktørar.

Me ynskjer publikum hjarteleg velkomne årets Mostraspel og til Moster Amfi!