Audition – Kristina frå Duvemåla

Bømlo Teater (BT) søkjer profesjonelle skodespelarar/musikalartistar og kandidatar under relevant utdanning, til noregspremiere på Kristina frå Duvemåla, sommaren 2021 i Moster Amfi. Prøve - og framsyningsperiode er 28.6 - 15.8.2021 på Bømlo. Mogleg nokre prøvar for hovudroller i Oslo våren 2021.

Me søkjer til følgande roller:

Kristina

Karl Oskar

Ulrika

Robert

Biroller og ensemble.

Me skal til saman har 12 profesjonelle aktørar, som vil bli del av eit stort lokalt ensemble. Regissør er Jostein Kirkeby-Garstad og musikalsk ansvarleg er Gunvald Ottesen. Framsyninga blir på nynorsk.  

Send kortfatta cv med bilde (maks 2 sider i pdf/wordformat) til: audition@bomloteater.no

Skriv kva rolle du søkjer (rollnamn eller ensemble). Merk mailen med «Audition Kristina 2021». Kontaktopplysingar må liggje på cv.  

Søknadsfrist er 15.9.2020.

Grunna koronasituasjonen vil fyrste runde bli gjort ved innsending av selftape. Kunstnarleg leiing gjer eit utval blandt søkjarar, og utvalde kandidatar får då tilsendt materialet som skal førebuast og sendast inn til BT. Alle søkjarar får svar innan 21.9 om ein får senda inn selftape eller ikkje.   Kandidatar som går vidare frå fyrste runde, ynskjer me å sjå i Oslo i slutten av oktober. Nærmare informasjon vil bli gjeven etter fyrste runde. Eventuelle kostnadar i samband med audition vert ikkje dekka av Bømlo Teater.