Årsmøte 26. mars blir utsett

Me må diverre meddele at ÅRSMØTE I BØMLO TEATER 26. MARS blir utsett. Dette som følgje av Corona situasjonen. Som mange andre teater i landet må me vurdere gjennomføringa av kommande produksjonar, deriblant Mostraspelet. Me planlegg som vanleg, men fylgjer nasjonale signal kontinuerleg. Slik at me er rusta til å ta ei best mogleg beslutning. Me vil halde vårt publikum og medlemmar orientert via sosiale medier og interne informasjonskanalar framover. Me sender heia-rop til alle helsepersonell og andre i beredskap om dagen - og satser på at innsatsen me no gjer, vil gjere oss i stand til å fylgje våre planar for teater og kunst framover. Ta vare på kvarandre.