West Side Story

Bømlo Teater presenterer West Side Story, i Moster Amfi 6.-17. august 2014!

Innhald på sida

West Side Story hadde premiere I New York I 1957, og er skapt av Leonard Bernstein (musikk), Stephen Sondheim (songtekstar), Arthur Laurentsen (manus) og Jerome Robins (dramatisering og koreografi). Handlinga er ei fri tolking av Shakespeares Romeo og Julie, og handler om dei to rivaliserande gjengane Sharks og Jets på vestsida av Manhattan, der umogeleg kjærleik mellom Maria og Tony endar på tragisk vis. Tony har trekt seg ut av gjengen Jets, men blir teken inn att av kameraten Riff. På ei dansetilstelling møter han Maria, søstera til Sharks-leiaren Bernardo. Tony og Maria forelsker seg momentant, men hamnar midt i konflikten mellom Jets og Sharks. Medan dei to elskande møtest i løynd, førebur gjengane ein siste kamp som skal gjera slutt på all vald mellom dei. 

Musikalen vart svært kjend for den utstrakte bruken av dans som forteljande element, samt for den tragiske slutten som skil den frå andre amerikanse skodespel og filmar frå same tid. Songar som «Somewhere» og «America» er klassikarar frå West Side Story.

Ensemble

På scenen finn du Nina Hammarklev som Maria, Ole Morten Velde som Tony, Samuel Brandt som Riff og Solveig Andsnes som Anita. I tillegg er det eit ensemble på 37, både profesjonelle og amatørar.

Kunstnarisk leiing

Regissør/koreografi: Lisa Kent

Musikalsk leiar: Håkon Berge

Scenograf/kostymedesigner: Ingeborg Kvamme

Lysdesigner: Trygve Andersen

Lyddesigne: Lasse Eriksen

Maskør: May Liss Larsen/Cecilia R. Thormodssæter

Utdrag frå produksjonen

Av:

Leonard Bernstein, Stephen Sondheim, Arthur Laurentsen og Jerome Robins

Framsyningsdato:

6.- 17. august 2014