Peter Pan

Bømlo Teater gler seg til å presentere ei familieframsyning i Bømlo Kulturhus fra 15. – 18. oktober 2015.

Innhald på sida

Peter Pan er J.M. Barrie si eventyrlege og tidlause historie frå 1904 om guten som kan flyge.  

Det handlar om sjørøvarar og indianarar, krokodillar og alvar, kamp, vennskap, relasjonen mellom ungar og vaksne, og ikkje minst om den grenselause og skapande fantasien vår.          

Familien Darling har nett flytta inn i «drøymehuset» i drøymestrøket av byen. Ungane Wendy, John og Michael er mykje åleine og ein kveld får dei besøk av Peter Pan, som tek dei med til Aldriland – staden kor tida står stille, ungar treng ikkje bli vaksne og er frie til å gjere nett som dei vil. Her møter søskena alle ungane som fall ut av barnevogna då dei var små, og som ingen sakna etter ei veke. Og sjørøvarane, med Kaptein Krok som hatefull og uovervinneleg pirat, verdshava sin største skrekk, ved roret. Her er leik, store slag og magi.    

Bli med til Aldriland – andre stjerna til høgre, og deretter like fram mot morgongryet. 

Regissør: Runa Våge Krukhaug

Scenograf/Kostyme: Janne Robberstad

Lys: Axel Sundbotten

Lyd: Frode Sæverud

Av:

Erling Pedersen basert på ei bok av J. M Barrie.

Framsyningsdato:

15. oktober 2015