André Søfteland i rolla som Ché i Evita!

 André Søfteland frå Odda skal gjera rolla som Ché i Evita.André Søfteland (2)
Me er svært glade for at André kjem tilbake til Bømlo denne sommaren. Frå han var her med si store stemme i Les Miserablés i 2004, har me alltid sett på han som «ein av våre». Han er utdanna ved Bårdar Akademiet og Guildford School of Acting. Dei siste åra har han gjort fleire hovudrollar ved dei største scenene i Noreg: Jean Valjan i Les Miserablés på Folketeateret, Sivert i Hellemyrsfolket og Tevje i Spelemann på taket på Den Nationale Scene, ei rolle han også skal gjera ved Trønderlag Teater denne våren. André har i fleire år budd i New York og hatt jobbar ved fleire teater i USA og Europa. -Eg var med i Les Miserablés på Bømlo i 2004 og ser fram til å få nye gode minner på sumarøya. Dette ser eg verkeleg fram til. Med André får me ein kraftfull og karismatisk skodespelar i rolla som Ché. Han er den kritiske røysta som kommenterar Evita sitt liv og hennar metodar for å nå dei mål ho satte seg. Lisa Stokke skal gjera rolla som Evita. Bømlo Teater ynskjer André velkommen tilbake til Bømlo og til Moster Amfi. Framsyninga går frå 8. - 18. august 2018. Billettar på kjøpast på ticketmaster.no For å kontakte Ticketmaster: 22 82 81 49 (Grupper) 22 82 81 97 (Enkeltbestillingar og rullestolplass)