Anders Gjønnes er vår Robert

Bømlo Teater har gleda av å presentere ein ny hovudrolleinnehavar til noregspremieren av Kristina frå Duvemåla: Anders Gjønnes.

Anders Gjønnes frå Larvik skal gjera rolla Robert i Kristina frå Duvemåla, og me er veldig glade for å ha han med oss i denne produksjonen. Han har besøkt oss ein gong tidligare, då i vår noregspremiere av Miss Saigon i 2009 i rolla om John. Anders er utdanna ved både Griegakademiet, Bårdar Akademiet og Teaterhögskolan i Gøteborg. Han er ein allsidig songar og skodespelar som har jobba ved ei rekkje teater i både Noreg og Sverige, og deltatt i produksjonar som mellom anna Les Miserablés, Jesus Christ Superstar og West Side Story.

- Eg gler med til å endeleg få gjera denne rolla og denne musikalen, og trur det kjem til å bli ein unik versjon i Moster Amfi. Vil du sjå musikalmagi på vestlandet, så sjåast me på Bømlo til sommaren, seier Gjønnes.

Rolla Robert er bror til Karl Oskar som skal gjerast av André Søfteland. Me får dermed eit særs godt og erfarent brødrepar som vil formidle deira historie med truverd og kraft. Me ynskjer Anders velkommen tilbake til oss!

Framsyningar 4.- 14. august.

Billettar på Ticketmaster.no

Sjå video med Anders HER