Hallvard Holmen klar for Mostraspelet – I slik ei natt
(Foto: Erika Hebbert)
Det er ei glede for Bømlo Teater å meddele at Hallvard Holmen skal gjera rolla som Tore Hund i årets Mostraspel - I slik ei natt. Dette er fyrste gong Hallvard besøker Bømlo Teater.
Hallvard har si utdanning frå Statens teaterhøyskole og er til dagleg tilsett ved Det Norske Teatret i Oslo. I tillegg har han vore innom dei fleste andre institusjonar, som mellom anna Nationaltheatret, Rogaland Teater og Hålogaland Teater. Her har han gjort ei rekke store roller, som Ibsens «Brand» og Shakespeares «Hamlet» for å nemne nokon.Holmen har også gjort ei lang rekke filmar og tv-seriar. Over 40 i talet, og han er nominert til fleire Gullrute prisar og Amandapris. For mange er han nok best kjend som Roy i tv-serien «Himmelblå» eller Prorektor Ingstad i «Side om Side".
Hallvard har også tidligare erfaringar frå spel. Han har mellom anna gjort Dovregubben i "Per Gynt» ved Gålåvatnet (2016) og Kong Olav Haraldsson i «Spelet om Heilage Olav» på Stiklestad (2005, 2006).
Me er særs nøgd med å få Hallvard Holmen med oss i årets produksjon. Han er ein sterk formidlar og er ein skodespelar som vil bera rolla som Tore Hund godt. Bømlo Teater ser verkeleg fram til samarbeidet med Hallvard og ynskjer han velkommen til oss.Framsyningar i Moster Amfi 2.-4. juni. kl 18.00
Billettar: Ticketmaster.no
Anita Myhre Gravdal tilbake til Mostraspelet
Det gler oss å melde at Anita Myhre Gravdal for fyrste gong blir å sjå i I slik ei natt i rolla som Ragnhild.
Men det er ikkje fyrste gong ho er ein del av Mostraspelet. I 2015 gjorde Anita rolla Vigdis i Kristkongane på Moster.- Det er stor stas for meg å vitja amfiscena att i det nye Mostraspelet - I slik ei natt, og denne gong i ei litt vaksnare rolle.
Anita kjem frå Stord og er busett på Bømlo. Ho fann sin lidenskap for musikalar då ho var med i Miss Saigon og Musikalske Høgdepunkt med Bømlo Teater. Etter dette tok ho si utdanning ved Musikkteaterhøyskolen i Oslo. Etter endt skulegong har ho mellom anna jobba fire sesongar på Color Line for 2Entertain, gjesta Haugesund Teater i framsyninga Jesus Christ Superstar, turnert med fleire framsyningar for barn, og kom heim til Moster Amfi og Bømlo Teater for West Side Story, Evita og Kristina frå Duvemåla.Anita er ein sterk og allsidig skodespelar som me er heldige å ha med oss i ei leiande rolle i år.
Framsyningar i Moster Amfi 2.-4. juni.
Billettar: Ticketmaster.no
Sigurd Sele er med oss i Mostraspelet – I slik ei natt.
(Foto Heidi Fjell)