Workshop

cropped-banner-med-logotekst-jpg2-1.jpg
Bømlo Teater inviterer lokale aktørar til arbeidshelg

laurdag 13. og søndag 14. januar i Bømlo kulturhus!

Me søkjer etter det lokale ensemblet til Evita i Moster amfi sommaren 2018.

«Det argentiske folket» er folk i alle aldrar (7-70+ Barn 7-15 år må ha bustad på Bømlo) og me ser etter menn og kvinner som likar å stå på scenen, synge og bevege seg.
Laurdag vil det bli sanginnstudering saman med dirigent og på søndag vil de jobbe på golvet saman med koreograf/regissør.
Dei påmeldte vil få tilsendt notemateriale som skal førebuast til gruppe-presentasjonar.

PÅMELDING:
Skriv litt om deg sjølv, gjerne kva du har gjort på scena tidlegare, i wordformat/PDF med eit bilde av deg sjølv. Merk mail med «Workshop Evita 2018″. Ha med kontaktopplysningar (mobilnummer og emailadresse).

Me garanterer ikkje plass i produksjonen til alle som deltar på workshopen, men me skal ha eit stort lokalt ensemble med folk i alle aldrar!

Prøveperioden i amfiet er frå 2. juli-7. august. Det blir truleg mogleg å korte ned perioden for nokre av dykk. Framsyningsperioden er frå 8.-18./19. august.
Påmelding til workshop sendes til:
runa@bomloteater.no
Påmeldingsfrist: torsdag 04. januar