Programmet for Mostraspelshelga 2. juni – 5. juni

No er programmet for Mostraspelshelga klart!

Mostraspelet – l slik ei natt, har premiere fredag 2. juni kl 18.00, og framsyningar laurdag og sundag kl 18.00. Framsyninga hadde urpremiere i 2016 og publikum fylte benkane i det nyrenoverte Moster Amfi.

Det bli ei innhaldsrik helg på Moster: I slik ei natt, Toratreff og utdeling av Tora Mostrastongprisen, familieframsyninga Tor med hammaren, Salmer over frossen jord- Konsert i Moster gamle kyrkje, Strandhogg, kunstutstilling og servering i Tollhagen, og festspillkonserten Nordvegen – Moster. Dette er noko av det ein kan oppleve på Moster denne helga.

Billettar kan du kjøpa på bomlo.net eller ved inngang.

Me ynskjer alle velkommen til Moster og til Mostraspeleshelga 2017!

 

MS2017-program-1 jpg