Programmet for Mostraspelshelga 2. juni – 5. juni

No er programmet for Mostraspelshelga klart!

Mostraspelet – l slik ei natt, har premiere fredag 2. juni kl 18.00, og framsyningar laurdag og sundag kl 18.00. Framsyninga hadde urpremiere i 2016 og publikum fylte benkane i det nyrenoverte Moster Amfi.

Det bli ei innhaldsrik helg på Moster: I slik ei natt, Toratreff og utdeling av Tora Mostrastongprisen, familieframsyninga Tor med hammaren, Salmer over frossen jord- Konsert i Moster gamle kyrkje, Strandhogg, kunstutstilling og servering i Tollhagen, og festspillkonserten Nordvegen – Moster. Dette er noko av det ein kan oppleve på Moster denne helga.

Billettar kan du kjøpa på bomlo.net eller ved inngang.

Me ynskjer alle velkommen til Moster og til Mostraspeleshelga 2017!

 

MS2017-program-1 jpg

 

Ny skodespelar i – I slik ei natt 2017!

hakon_karoliusen 2Det er med glede me kan presentere ein ny skodespelar til årets framsyning av I slik ei natt, som har nypremiere fredag 2. juni og som spelast i pinsehelga.

Håkon Karoliussen frå Haugesund vil i år gjera rolla som Rane, Olav Haraldsson sin fosterfar. Håkon er utdanna ved Bergen Teaterskole.

Ved Haugesund Teater har han mellom anna vore med i Edderkoppkvinnens kyss, Et dukkehjem, Annie og Marve Fleksnes, og no sist sett i Sånne som oss, og Peter Pan. Håkon var også med i Scenekrafts produksjonar Havet har meg, Rabinowitz og Heks. Våren 2011 var han med i filmen På bølgelengde.

Håkon har òg jobba ved mellom anna Nordland Teater, Rogaland Teater, Trøndelag Teater, Riksteateret, Nationaltheatret og Den Nationale Scene. I 2004 var han med i vår oppsetning av Les Miserables. Det er fryste gang Håkon er med i Mostraspelet og me ynskjer han hjarteleg velkommen til Bømlo Teater og Mostraspelet – I slik ei natt.

Billettar på bomlo.net

Billettsal i gang for «I slik ei natt» – Mostraspelet 2017!

Isen banner 2017 1

For andre gong set Bømlo Teater opp ”I slik ei natt” i Moster Amfi. Nesten 4000 publikummarar såg framsyninga i urpremiereåret 2016 i det nyrenoverte amfiet. ”I slik ei natt” skal spelast i pinsen, tre framsyningar i tida 2.6-4.6, kl 18.00. For fyrste gong vert det seld plassbillettar under Mostraspelet; så no kan ein sikra seg gode plassar tidleg!

Billettar er i sal på bomlo.net

Omlag 80 skodespelarar vil stå på scena i vår historie om Olav Haraldsson, ei god blanding av lokale amatørar og profesjonelle aktørar.

Me ynskjer publikum hjarteleg velkomne årets Mostraspel og til Moster Amfi!

I slik ei natt blir satt opp att i 2017!

13268455_1069392423121642_389471703187523693_omostraspelet-2016-_dsc4374

 

 

 

 

 

Mostraspelet I slik ei natt blir satt opp att i 2017!

I år fekk omlag 4000 publikumarar sjå Svein Tindberg si historie om Olav Haraldsson i eit fullsatt Moster Amfi. Me gler oss allereie til å invitere publikum tilbake i pinsehelga 2.-4. juni 2017.

Billettar blir snart lagt ut for sal.

Ei veke til premiere!

julehus1 julehus3

 

 

 

 

 

No er det i veke til premiere på Julehuset! Mons, Mogens, mormor, nisser, troll og snøfnugg skapar god julesteming også i år. Kom og sjå kva som er nytt i denne 20. utgåva av Julehuset!

Billettar:

Bømlo kulturhus: Bømlo kulturhus

Langevåg bygdatun: bomlo.net

Julehuset 20 år!

admin-ajax.php

20 års jubileum for Julehuset!

Bømlo Teater viser tradisjonen tro, Julehuset i Bømlo kulturhus, 2-4.12 og på Langevåg bygdatun 7.12!

Julehuset har gjennom 20 år vore gjennom nokre endringar, men ingen har rokka ved historia til Mons og Mogens. Me møter mormor og Godrosa i det vesle raude huset i skogen, dansande snøfnugg og leikande nisseungar. Skogsnissane Mons og Mogens luskar som vanleg rundt og finn på nissestrekar. I år møter me òg nokre nye nissar…Kven er dei og kva gjer dei i skogen? Kjem trolla i år også?

Både store og små er velkomne til denne jubileumsframsyninga. Dei 50 store og små skodespelarane vil laga god julestemning i år også.

Les meir

Billettar: bomlokulturhus.no og bomlo.net

Ein dag til premiere!

facebookcover_forviklingarimorkret

img_3079_2Fredag er Forviklingar i mørkret klare for premiere!  Me gler oss til å ta i mot publikum på den raude løparen i Bømlo kulturhus. og det er berre å gleda seg til forviklingar og moro i mørkret.

Premiere fredag 28.10 kl 19.00

Framsyningar laurdag og sundag kl 18.00

Billettar: bomlokulturhus.no