Om oss

Styreleiar Linda Hellen

Bømlo Teater er ein frivillig organisasjon med målsetjing om å arbeida for å styrkja Bømlo som eit senter for scenekunst ut frå kompetanse, kvalitet, breidd og engasjement. Gjennom god samhandling og sunn økonomistyring skal Bømlo Teater skape ein berekraftig, open og inkluderande organisasjon. Laget er medlem av Norges Amatørteaterforbund.

Bømlo Teater skal arbeide for å fremje musikk, song, dans og drama mellom unge på Bømlo og i Sunnhordland. Gjennom større og mindre oppsetjingar skal medlemmane utvikla evner og bruka anlegg i eit miljø prega av høg kunstnarleg kvalitet.

Bømloteateret og Bømlo Musikallaug fusjonerte 1. februar 2011 og utgjer idag Bømlo Teater. Bømlo Teater har tre tilsette i deltidsstillingar. Øystein Kausrud er engasjert som produsent med ansvar for dagleg leiing, medan Kjell Arne Røksund er økonomisjef og Joachim Mathiassen har ansvar for lokala våre i Urangsvåg.


Styret i Bømlo Teater
:
Linda Hellen, leiar
Frode Larsen, styremedlem og nestleiar
Runa Krukhaug, styremedlem
Cathrine Nesse Aakre, styremedlem
Joachim Mathiassen, styremedlem
Trond Haldorsen, styremedlem

Sigbjørn Næsse, varamedlem
Marianne Grønnevik, varamedlem