Torolv frå Grindheim

Torolv er kongsbonde på garden Grindheim, og dermed òg hovding på Moster. Han er ein mektig mann med mange vener, mellom desse Håstein Areson. Torolv har eit godt auge til Vigdis, dottera til Håstein. Han har gjeve handartak for Vigdis, så Torolv og Vigdis er trulova. 

Når Olav Trygvason stig i land på Moster, og bed tinget velja han til konge, godtek Torolv dette. Men når kongen og vil at alt folket skal ta ved trua på Kvitekrist, nektar Torolv. Han vil tena og tru på dei gamle gudane, slik forfedrane gjorde. Kongen lyser han då fredlaus, men let han fara frå tinget.

Desse har spela rolla som Torolv frå Grindheim:

  • Johannes Hjelland (1984-1998)
  • Brynjar Stautland (alternerte med Hjelland, 1995-1997)
  • Jens Kristian Nesse (1999-2002, 2004)
  • Frank R. Andreassen (2003)
  • Sigurd Sele (2005-2010)
  • Frank R. Andreassen (2011)
  • Hans Marius Hoff Mittet (2012)
  • Heine Larsen (2013-2015)