Torleiv Spake

Torleiv Spake er saman med Tord, son åt Klypp Herse, og Olmod frå Fitjar av dei hovdingane mellom sunnhordane som er mot trua på Kvitekrist. Saman med Tord og Olmod er han truleg med og hjelper til å rusta ut Torolv når han legg ut på vikingferd etter han er lyst fredlaus. Han er og mellom dei som vil tala mot kongen på tinget.

Desse har spela rolla som Torleiv Spake:

  • Aril Bøe (1984-1987)
  • Vidar Nygård (1988-1993, 1995)
  • Gustav Rasmussen (1993 alternerte med Nygård, 1994)
  • Vermund Hjelland (1996-1998)
  • Torleif Stokke (1999-2005)
  • Erlend Hansen (2006-2008)
  • Gunnar Ersland (2009)
  • Per Arne Moldøen (2010)
  • Geir Ersland (2011-2015)